Rusken ryddeaksjon
Årleg i april/mai vert frivillige i Sykkylven kommune invitert til å ta eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal (NB! ikkje hageavfall og greiner).
Påmeldingsskjema finn du no under Kundeportal.
Blanke sekkar vert etter avtale lagt ut for henting på baksida av kontorbygget vårt i Haugsetvegen 33.
I år vert Rusken-avfallet henta i veke 17 og 19.
- Veke 17: 20.-24. april 2026
- Veke 19: 4.-8. mai 2026
Rusken-avfallet vert innhenta dei vekene restavfallet vert henta i ditt område (ikkje når matavfallet vert henta).
OBS! Alt Rusken-avfallet må leggast i blanke sekkar. Større gjenstandar, elektrisk avfall eller farleg avfall som ikkje kan gå til forbrenning vert ikkje henta. Dette må leverast på miljøstasjonen.
Merk også at avfall frå Rusken ryddeaksjon ikkje er herrelaust marint avfall, og er dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.