Telia blir ny leverandør av fibertenester i Sykkylven frå 1. november 2026

I dag blir internett via fiber levert av NextGenTel. Vi har inngått ny avtale med Telia frå 1. november 2026 om levering av internett via fiber i Sykkylven. Vel du som kunde TV-pakke frå Telia får du ei konkurransedyktig løysing med tilgang til populære strøymetenester og kanalar som du kan byte mellom så ofte du vil. Vidare vil alle kundar få nytt internettutstyr med den nyaste teknologien. Vi er sikre på at dette vil gi god kvalitet på produktet som blir levert gjennom fibernettet vårt.

Dagens kundar hos NextGenTel har fått epost der ein kan velje ulike abonnement. Har du ikkje fått epost så gi oss beskjed. Fristen for å svare på denne er 27. september 2026. Dersom du ikkje svarer så vil du få det Telia-produktet som liknar mest på det du har i dag hos NextGenTel.

Dersom du ikkje ønsker å vere med over til Telia så send oss ein epost på firmapost@sykkylven-energi.no

Informasjon angåande sjølve bytet:

Det første som skjer er at mediekonvertaren (boksen som koplar fiberen i bustaden til routaren) i alle installasjonane i heimane vert bytta. Dette skjer innan utgangen av veke 44. I perioden NextGenTel var vår fiberpartnar eigde NextGenTel switchane som fordeler internettrafikken frå knutepunkta i fibernettet og mediekonverterane heime hos kundane. Vi bytter no ut alt utstyret og tek eigarskap i heile fibernettet. Dette gjer at vi legg til rette for ei eventuell framtidig opning av fibernettet der fleire leverandørar kan levere tenestene sine.

Vi har inngått eit samarbeid med Sykkylven IL om dugnadsarbeid for å hjelpe oss med overgangen til Telia. Dei vil montere mediekonverterane, dele ut Telia-routarane og samle inn gammalt utstyr som skal returnerast til NextGenTel. På den måten støttar vi lokal aktivitet for barn og unge. Gjennom samarbeidet med Sykkylven IL vil vi, saman med Telia, tilføre idrettslaget 950 000 kroner. Alternativt måtte vi ha kjøpt desse tenestene frå leverandørar utan tilknyting til kommunen. Sykkylven Energi bidreg kvart år lokalt med støtte til aktivitetar for barn og unge. Med dette samarbeidet får vi i år auka denne støtta, og vi meiner dette er viktig for å skape gode oppvekstvilkår i kommunen.

I veke 42 – 43 vert routerene frå Telia levert ut til kundane av Sykkylven IL. Idrottslaget vil også samle inn dei gamle routerane frå NextGenTel i etterkant.

Dersom du vel TV-pakke frå Telia og i dag har TV-pakke frå ein annan leverandør, for eksempel RiksTV eller Allente må du sjølv sei opp dette.