Sykkylven kommune og Sykkylven Energi går no gjennom grunnlaget for fakturering av abonnementsgebyr for vatn og avløp.

Vi har oppdaga at nokre eigedomar kan vere fakturerte for færre abonnementsgebyr enn det den lokale forskrifta om vass- og avløpsgebyr frå 21.06.2021, legg opp til. Dette gjeld eigedomar med fleire bueiningar.

Årsgebyret for vatn og avløp er samansett av to delar:

  1. ·eit fast abonnementsgebyr
  2. ·eit forbruksgebyr som er avhengig av vassforbruket

For bustadeigedomar blir abonnementsgebyret rekna per bueining.

Målet med gjennomgangen er først og fremst å sikre at faktureringa blir rett framover. Dersom det viser seg at ein eigedom har vore fakturert for få abonnementsgebyr i 2026, vil manglande gebyr for første og andre kvartal bli lagt til faktura for tredje kvartal. Dette gjeld årsgebyret for 2026, som normalt blir fakturert over fire terminar.

Kommunen kvalitetssikrar no abonnementsopplysningane ved å kontrollere dei mot matrikkelen, byggjesaksarkivet og andre relevante register.

Dersom du får melding om at fakturagrunnlaget for eigedomen din blir endra, og du meiner endringa er feil, ber vi deg ta kontakt med oss. Då vil vi gå gjennom saka på nytt.

Gjennomgangen kan òg avdekkje eigedomar som er knytte til kommunalt vatn eller avløp, men som ikkje har fått fakturert årsgebyr. Slike saker blir vurderte særskilt.

Kommunen vil ikkje etterfakturere tidlegare år som ein del av denne første gjennomgangen. Dersom det seinare blir aktuelt å vurdere etterfakturering for tidlegare periodar, vil dei det gjeld få informasjon og høve til å uttale seg før kommunen tek ei avgjerd.

Dei som blir omfatta av gjennomgangen, vil få brev frå kommunen eller Sykkylven Energi. Dersom du ikkje får brev, treng du ikkje gjere noko.