Vassbehandlingsanlegget i Ramstaddalen

Drikkevatnet går gjennom fleire prosessar før det kjem ut i kranen hos abonnentane. Frå Årsetvatnet går vatnet i leidning til kraftstasjonen og vidare til vassbehandlingsanlegget i Ramstaddalen. Der går det gjennom ein sil for å fjerne partiklar før det går vidare til UV-behandling i to parallelle UV-anlegg. Vatnet blir tilsett noko som heiter vannglass for å auke pH-verdien på vatnet før det går ut i vassleidningsnettet og til slutt endar opp hos abonnentane.

For å sikre forsyning av vatn ved leidningsbrot er det eit høgdebasseng i Vikedalen og eit på Lyshol. 

Langs sørsida av fjorden og i Velledalen er det private vassverk.

Årsetvatnet

Vasskjelda til det kommunale vatnet i Sykkylven kommune er Årsetvatnet. Vassinntaket ligg på stort djup, noko som sikrar stabil og god kvalitet på vatnet. Det er om lag 4.000 personar som får drikkevatnet sitt frå Årsetvatnet.