Naud- og reservevatn
Naudvatn er ei trygg vassforsyning som ikkje vert levert gjennom vassleidningsnettet, men t.d. frå utplasserte vasstankar. Vassverka i kommunen pliktar å ha ei løysing for naudvassforsyning. Sykkylven kommune er med i eit samarbeid med 7 andre kommunar (Hareid, Sula, Stranda, Rauma, Giske, Fjord og Ålesund) om felles beredskapsutstyr.
Reservevatn er vatn levert gjennom vassleidningsnettet, men frå anna vasskjelde/vassverk. Vi har avtale med Sætre og Jarnes Vassverk om reservevatn.