Vassmålaravlesning

Dei fleste vassmålarane er no fjernavleste. Har du likevel fått avlesingskort så må du framleis lese av manuelt.

Dersom du har fått tilsendt avlesingskort er det truleg fordi vi ennå ikkje har klart å fjernavlese vassmålaren din. Dette kan skuldast at avstanden mellom vassmålaren og straummålaren din er for lang, eller du framleis har ein gamal vassmålar. Vi arbeidar med tiltak for å fjernavlese flest mogleg vassmålarar.

Vassmålar.jpg

For å registrere vassmålaravlesinga di, logger du deg på med brukarnamn og passord. Sjå i avlesingskortet du har fått tilsendt.

NB! Vi ber deg registrere berre heile kubikkmeter, ikkje desimalane!

Vennligst registrert avlesinga di her.