Drikkevasskvalitet

Vatnet i Sykkylven har høg kvalitet og er trygt å drikke med mindre vi varslar om noko anna. Drikkevatnet skal smake godt, sjå klart ut, vere luktfritt og trygt å drikke. Dette er krava i drikkevassforskrifta. 

Sykkylven Energi kartlegg kvaliteten på vatnet og tek faste vassprøver kvar 14. dag. Resultatet frå vassprøvane vert i samsvar med krava i drikkevassforskrifta offentleggjort her på nettsida. 

Vassprøvane er tekne ved vassbehandlingsanlegget på Årset og 6 andre stader på leidningsnettet (Ramstad, Lyshol, Ullavik barnehage, BUAS, Blindheim YX og ved høgdebassenget i Vikedalen). 

Resultata frå siste vassprøvetaking og tidlegare vassprøver finn du i kartet under. Du kan klikke deg inn på dei ulike stadane der vi tek vassprøvar.


Kimtal

Kimtal fortel kor mykje bakteriar og sopp som finns i vatnet (naturlege mikroorganismar). Høgt kimtal kan skuldast groing i leidningsnettet. Kloakkforureina vatn kan ha svært høgt kimtal. Grenseverdien bør ikkje vere høgare enn 100/ml.

Koliforme bakteriar

Koliforme bakteriar finns både frå tarminnhald frå menneske og dyr, men og frå naturen (jord og vatn). Funn av koliforme bakteriar i vatn viser mogleg forureining av tarmbakteriar, men kan også skuldast nedbryting av planterestar. Grenseverdien skal vere mindre enn 1 per 100ml. 

E.coli bakteriar

E.coli bakteriar kjem berre frå tarminnhald frå menneske og dyr og er eit teikn på fersk forureining. Grenseverdien skal vere mindre enn 1 per 100ml.

pH – surleiksgrad

pH = grad av surleik i vatnet og vert gradert frå 0 til 14. Vatn med pH på 7 vert rekna som nøytralt. Vatn som har pH lågare enn 7 vert rekna som surt og pH høgare enn 7 som alkalisk (basisk). Surleiksgraden (pH) bør vere mellom 6,5 og 9,5.

Turbiditet

Turbiditet seier noko om uklarheit i vatnet. Leire eller andre svevepartiklar kan gjere vatnet uklart og lite gjennomsiktig. Høg turbiditet kan føre til slamavleiring i varmtvasstankar eller i røyr. Grenseverdien er 4 FNU (FNU er eit uttrykk for innhald av partiklar i vatnet).

Fargetal

Fargetal seier noko om fargen på vatnet. Høgt fargetal kan skuldast høgt innhald av humus, jern eller mangan og kan gi misfarging av klesvask. Grenseverdien er 20 mg/l.

Hardheit

Det kommunale vatnet i Sykkylven er ikkje spesielt hardt. Det skuldast at vatnet kjem frå ei overflatevasskjelde (ikkje grunnvatn), og har lavt innhald av kalsium.

I tilfelle ureint vatn vert påvist

Dersom resultata frå vassprøvane viser at vatnet inneheld bakteriar, vert kommuneoverlegen og Mattilsynet varsla. Det er kommuneoverlegen som avgjer om vatnet må kokast. Vi må ha to fine vassprøvar før kommuneoverlegen oppheve kokepåbodet.