Dei fleste bustader og næringsverksemder i sentrumsnære område og bygdelag er tilknytt eit offentleg avløpsnett. Eigedommar som ligg nær inntil kommunalt avløpsnett er pålagd å knyte seg til.

Pumpehus ved småbåthamna.jpg

Utsleppsløyve

I områder utan kommunalt avløpsnett der det skal etablerast nye utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vesentleg auke av eksisterande utslepp, må ein søke Sykkylven kommune om utsleppsløyve. Sjå vedlagt søknadsskjema.

Sanitærabonnement

Ved tilknyting til eksisterande kommunalt avløpsnett må ein søke om sanitærabonnement.

Utkopling av slamavskiljar

Slamavskiljarar tilknytt kommunalt avløpsnett kan ikkje utkoplast utan godkjenning frå Sykkylven Energi. Sluttømming ved utkopling av slamavskiljar vert dekt av Sykkylven Energi.