Søknad om sanitærabonnement


Nyetablering eller omlegging/separering av utvendige stikkleidningar er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningsloven § 20-1, og ein må derfor søke om godkjenning av sanitærabonnement.

Søknad om godkjenning av sanitærabonnement skal enten sendast inn av entreprenør, byggefirma, røyrleggjar eller andre som er ansvarleg for å søke på vegne av kunden.

Søknaden skal sendast til firmapost@sykkylven-energi.no og skal godkjennast av Sykkylven Energi før tilknytinga kan skje.

Vassmålar er pålagt alle tilknytte eigedommar i Sykkylven kommune.

Oversikt over kommunale vass- og avløpsleidningar får du ved å fylle ut skjema «Kabelpåvisning»

Søknad om sanitærabonnement skal innehalde utfylt skjema «Søknad om sanitærabonnement» og kart som viser stikkleidningane fram til tilknytingspunktet for kommunal leidning.

Når sanitærarbeidet er ferdig skal det sendast inn ei ferdigmelding på e-post til Sykkylven Energi på firmapost@sykkylven-energi.no. Hugs å merke e-posten med adresse og saksnummeret frå sanitærgodkjenninga.


Her finn du søknadsskjemaet om sanitærabonnement