Ekstrasekk til restavfall

Vi har ekstrasekkar du kan kjøpe dersom du har behov for å levere meir restavfall.

Ekstrasekk kostar 62,50 kr per stykk. Sekkane vert fakturert på neste faktura for kommunale eigedomsgebyr. 

I samband med at kontoret vårt er stengd grunna koronasituasjonen, har vi ei ny rutine for utlevering av ekstrasekkar;

  • Send ein e-post til tone@sykkylven-energi.no med namnet ditt og kor mange sekkar du treng. 
  • Tilgjengeleg personell hos oss merkar ein konvolutt med namn og legg sekk(ar) i konvolutten. Konvolutten hentar du i postkassa vår, til avtalt tid. 
Ekstrasekk.jpg


Vi har også sekkar for plastemballasje og matavfallsposer til utdeling. Sekkane ligg ved inngangsdøra til kontoret vårt i Haugsetvegen 33. 

Ta kontakt med ÅRIM om du har spørsmål om renovasjon - tlf. 70 31 41 00 eller post@arim.no