Feiing

Feiaren i Sykkylven har ansvar for feiing og tilsyn av ca. 2800 fyringsanlegg. Feiing og tilsyn er heimla i Lov om vern mot brann eksplosjon m.v. og Forskrift om brannforebygging.

Feiegebyr forfell til betaling samstundes med 2. termin for kommunale eigedomsgebyr.

Eigar av bustad vert friteken for feiegebyr dersom eigar ikkje har tilkopla eldstad til pipa. Fritidsbustader har ikkje gebyr.

Kontakt Sykkylven kommune på tlf. 70 24 65 00 eller feiar: kjetil.hanssen@sykkylven.kommune.no om du har spørsmål til feietenesta.

Sjå meir informasjon om feiing og tilsyn her.

Feieutstyr.jpg