Alle rørleggarar og entreprenørar må melde frå om arbeid som blir utført. Sykkylven kommune krev at dette blir gjort digitalt via Entreprenørportalen.
Berre godkjende føretak som er registrerte i Entreprenørportalen kan sende inn søknadar på vegne av tiltakshavar.
Kva finn du i portalen?
I Entreprenørportalen finn du digitale skjema og søknadar for:
- Ny tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg (sanitærsøknad)
- Søknad om utsleppsløyve - skal brukast
- Søknad om industripåslepp
- Melding om sikring mot tilbakeslag
- Midlertidig tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg
- Avslutte eller plugge tilkopling
- Reparasjon, endring eller tilleggstiltak på eksisterande sanitæranlegg
- Melding om utført arbeid etter pålegg
- Ferdigmelding - melding om utført arbeid
- Installering av vassmålar
- Gravemeldingar og løyver