Ikkje kast avfall i do - vis dovett!

Det er kun bæsj, tiss og dopapir som skal i do! Alt anna skaper store problem for røyrsystemet!
Matrestar, olje og feitt er enkelt å kaste i do, men då inviterer du kanskje rotter og andre skadedyr heim til deg. Våtserviettar, q-tips, bind og anna søppel gir også trøbbel.

Vi opplever dessverre ein del problem med tett avløp i Sykkylven. Det er særleg klutar av ulike slag som tettar avløpet. Vi ber derfor alle om å ikkje kaste våtserviettar i do!

- Slikt søppel skapar jamnleg problem på avløpsnettet ved å tette avløpsrøra og sette seg fast i pumpestasjonane, slik at desse ikkje fungerar. Dette fører igjen til overløp frå kommunalt nett, slik at ureinsa avløp kjem ut i fjorden. Søppelet kan også føre til tilbakeslag opp gjennom sluken til private bustadar.

Dovettreglane:

  • Kast dette: Bæsj, tiss og dopapir er det som skal i do!
  • Ikkje kast dette: Våtserviettar, q-tips og feitt skal ikkje i do! Det tettar igjen avløpsrøyra.
  • Fjern feittet: Stivna feitt skal i søppelbøtta eller saman med matavfallet.
  • Kjøp bøtte: Kjøp ei lita søppelbøtte til badet, som du kan bruke til våtserviettar, q-tips og anna søppel som ikkje skal i do