Sykkylven Energi 100 år (1918-2018)
Søndag 14. oktober 2018 inviterte vi til gratis jubileumsfest på kulturhuset
Sykkylven Energi runda i år 100 år som samfunnsbyggjar og leverandør av samfunnskritiske tenester. Dette markerte vi med ei gratis jubileumsframsyning i eit fullsett kulturhus den 14. oktober. Vi inviterte til kaffi og kaker og deretter ei jubileumsframsyning.
Jubileumsframsyninga var samansett som ein revy med humoristiske og kulturelle innslag frå grendene i bygda; Hauhelljå, Petter Velle & co., Gamlekarane, Kjell Løseth, Erlend Lunde og kulturskulen. Magnar Kvalvåg var konferansier.
Det vart ein triveleg kveld!
Sjå også intervjuet med dei tidligare everkssjefane Per Arne Aursnes og Runar Tandstad.