@ form Sykkylven-Logo

Varsling ved feil

Sykkylven Energi nyttar no berre sms/talemelding for å varsle feil. Dette gjeld både ved uventa og planlagde straum– og vassutkoplingar og i andre høve. Det vert ikkje sendt ut varsling på anna måte.

Opplysningar om telefonnummeret ditt vert henta frå Folkeregisteret, tele– og mobiloperatørar og Matrikkelen. Du kan sjekke oppføringa di på internett:http://www.servicevarsling.no  

Dersom opplysningane ikkje stemmer får du ikkje varsling. Du må sjølv korrigere desse slik at varsla kjem fram dit dei skal. Dersom du har firmatelefon ber vi deg sjekke spesielt.