@ form Sykkylven-Logo

SKOGRYDDING

Sykkylven Energi (SE) skal utføre skogrydding på lavspenningslinjenettet i dykkar område. Linjerydding må utførast med jamne mellomrom for å hindre straumbrot og for å ivareta tryggleiken til dei som kjem i nærleiken av linja.

Lavspenningslinjer med skog/tre som er nærare spenningsførande linjer enn 1,5 meter eller blir vurdert til å nå ein slik avstand i løpet av ein periode på 5 år, kuttast ved rota.  

Hogd trevirke blir kappa i handterbare lengder og kvista. Skat og strongar vert lagt i traseen ved rota. SE ser seg då ferdig med trevirket og det er opp til grunneigar kva han vil gjere med det. SE ønskjer å bruke veksthemmande tiltak ( sprøyting/bruk av Roundup plugg ) for å minske omfanget av tilveksten av skog som kjem innanfor avstanden på 1,5 m frå spenningsførande linjer. Dette vil ikkje bli gjort i hagar. 

Tre i hagar og liknande som grunneigar ikkje ønskjer å fjerne må eigar sjølv kutte/kviste. Avstanden skal til ei kvar tid vere minimum 1,5 meter frå spenningsførande linjer. Vi ber om tilbakemelding der grunneigaren sjølv ønskjer å kutte/kviste.

Ta kontakt på: firmapost@sykkylven-energi.no eller send en SMS til Arvid Skinnes på tlf. 934 97 454 

Arbeidet vil bli starta i løpet av kort tid utan nærare varsel.

Helsing
Sykkylven Energi

Halvard Hjorthol
Avd.leiar ELdistribusjon