@ form Sykkylven-Logo

Rusken-ryddeaksjon i Sykkylven

Det er straks vår, og tid for å rydde! Kvart år vert frivillige invitert til å ta eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal.

Registrering skjer her på nettsida vår.
Skjema inneheld info om arrangør/kontaktperson, i kva område ryddeaksjonen skal vere og kor mange sekkar ein treng.

Kontoret vårt er for tida stengd på grunn av koronasituasjonen, derfor vert utlevering av sekkar gjort etter avtale. Vi tek kontakt for å avtale kor sekkane kan hentast.

Avfallet vert henta på hentedagane for restavfall i veke 20 (11.-15. mai).

Merk følgjande presisering! Alt avfall skal leggjast i sekkar. Årim tar ikkje med avfall som ikkje er i sekkar. Det avfallet som ikkje går i sekk og i renovasjonsbil til forbrenning, kan ikkje leggjast ved sidan av. Dette avfallet og større gjenstandar må leverast til miljøstasjonen. Det vil gå av den einskilde si leveringskvote.

Årim gjer også merksam på at Rusken avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.