@ form Sykkylven-Logo

Organisasjon

SE er 100% eigd av Sykkylven kommune og er registrert som eit aksjeselskap.

Styret har 7 medlemmar.  Av desse er 5 oppnemnt av generalforsamlinga (kommunestyret) og 2 er arbeidstakarrepresentantar. Dagleg leiar møter på styremøta, men er utan stemmerett. Avdelingsleiar Distribusjon er ”ansvarleg driftsleiar” godkjent av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Elsikkerhet Møre AS koordinerer aktiviteten med tilsyn av dei elektriske anlegga. Selskapet blei stifta 1. oktober 2002, og har som hovudoppgåve å utføre dei lovpålagde tilsynsoppgåvene for eigarselskapa. Elsikkerhet Møre AS er eigd av Nordvest Nett AS, Sandøy Energi AS, Stranda Energiverk AS, Sykkylven Energi AS og Mørenett AS.

Eit viktig arbeidsmål for SE er utvikling av samarbeidet med andre aktørar i nærområdet, og korleis ein gjennom samarbeid og spesialisering kan hente ut stordriftsfordelar. Det er etablert samarbeid på ei rekke område, og på andre område er det planar om samarbeid.

Organisasjonsplan: