•    Ifølgje NVE-tal er langvarige straumbrot (>3 min), målt i kilowattimar per kunde, meir enn halvert dei siste 20 åra. I fjor vart 99,98 prosent av straumen levert der den skulle. I gjennomsnitt opplevde kvar straumkunde 2,1 straumbrot over tre minutt.
Sykkylven Energi har dei siste åra hatt ein leveringsandel på 99,99%, noko som er betre enn gjennomsnittet.  

•    Nettselskapa planlegg store investeringar for å styrke straumnettet de komande åra. Prognoser fra selskapa syner at ein skal bruke 140 milliardar kroner i nettet fram mot 2025, med over 60 prosent på lokalt/regionalt nivå (inkl. smarte målarar).
I Sykkylven har vi dei seinaste åra gjennomført fleire tunge investeringar i straumnettet. Forsyningssikkerheita er høy og tal på straumbrot har ikkje vore lågare. Nettleiga er også blant de lågaste i vårt område. 


•    TNS Gallups energibarometer for tredje kvartal i år syner at over 70 prosent av befolkninga har høy eller svært høy tillit til leveringssikkerheita. Tilliten har utviklet seg i positiv retning dei siste 10 årene, til tross for fleire store straumbrot.