I samband med at kontoret vårt er stengd grunna koronasituasjonen, har vi ei ny rutine for utlevering av ekstrasekkar;

Send ein e-post til tone@sykkylven-energi.no med namnet ditt og kor mange sekkar du treng. 

Tilgjengeleg personell hos oss merkar ein konvolutt med namn og legg sekk(ar) i konvolutten. Konvolutten hentar du hos oss, i postkassa vår, til avtalt tid. 

Ekstrasekk kostar 62,50 kr per stykk.

Ekstrasekkar vert fakturert på neste faktura for kommunale eigedomsgebyr.

 

Lurer du på noko kan du ta kontakt med ÅRIM på telefon 70 31 41 00 eller på e-post post@arim.no