Kommunale brann-/feiarvesen, lokale el-tilsyn og Gjensidige sine distriktskontor står for dei lokale arrangement over heile landet.

Aksjonen vert innleia med Røykvarslaren sin dag 1. desember og held fram med ein landsomfattande bustadkontroll i dei påfølgjande dagane. Her i kommunen vil Elsikkerhet Møre og det lokale brannvesenet foreta bustadkontrollar for å betre brannsikkerheita. Målet for Aksjon bustadbrann er å setje eit massivt søkjelys på brannsikkerheit i private heimar.
At dette skjer i desember er ikkje uventa, denne månaden er normalt den verste brannmånaden. Då ser vi ofte ei auke i tal på bustadbrannar.

I Sykkylven vil representantar for vår samarbeidspartnar Elsikkerhet Møre AS delta i aksjonen saman med det lokale brannvesenet. Dei vil stille med informasjonsstand i sentrum fredag 2. desember 2016.
 
For meir informasjon sjå http://www.sikkerhverdag.no/aksjon-boligbrann/