Nye straummålarar i Sykkylven
Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Norge få installert nye automatiske straummålarar. I Sykkylven skal om lag 4500 straummålarar bytast ut i perioden mai til oktober. Dette er den største moderniseringa av straumnettet på over 100 år, med fordelar både for deg som kunde, kraftsystemet og klimaet.
Med den nye straummålaren:
- Slepp du å lese av målaren, og du får betre oversikt over forbruket ditt
- Straumbrot vert varsla automatisk til Sykkylven Energi, noko som kan gi kortare rettetid
- Du kan tinge tilleggstenester frå andre leverandører, for eksempel styring av straumforbruk
- Vassmålaravlesing vert automatisert frå 2019
Energi Norge si informasjonsside om dei nye målarane.