@ form Sykkylven-Logo

Informasjon til deg som ikkje ønskjer å byte straummålar

Styresmaktene har gjennom AMS-forskrifta pålagt alle nettselskap å bytte til nye automatiske straummålarar. 

Rettar og plikter for kundar som er knytte til straumnettet kjem fram i  «Standard avtale for nettleige og vilkår for tilknyting». Avtalen gir nettselskapet løyve til målarbyte.

Installasjonar med gamal målar og målarar utan kommunikasjon påfører nettselskapet høgare kostnadar. Tilleggskostnaden vert belasta nettleiga til kunden og er berekna til 2 750 kroner per år. 

Har du rett på fritak må du sende attest frå legen din.

Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og stråling frå dei nye målarane.