Om Driftsmeldingar
VEDKOMANDE STRAUM:
Under driftsmeldingar vert det lagt ut meldingar om pågåande straumstans og planlagde utkoplingar. Vi har eit samarbeid med Mørenett når det gjeld vakt.
I høve planlagde utkoplingar vil dei det gjeld få eit SMS-varsel på førehand. Dersom du ikkje får SMS ber vi deg kontakte oss eller sjekke oppføringa di på "Min side".
VEDKOMANDE VATN OG AVLØP:
I høve stenging av vatnet eller o.a. vil dei det gjeld få eit SMS-varsel på førehand. Dersom du ikkje får SMS kan det skuldast at det ikkje er registrert eit telefonnummer på eigedommen. Du kan sjølv legge inn dette i det nasjonale registeret vi nyttar ved varsling på VA, som heiter Servicevarsling.
Dersom det skjer noko av allmenn interesse legg vi også ut melding på Facebook.