Alle privatbustader i Sykkylven kommune kan no få fiber. Sykkylven Energi har bygd ut fibernettet i kommunen med unnatak frå Hundeidvik, der Hundeidvik Fiber var utbyggjar.
Kundar som bur i leigd bustad vil no få innlagt fiber utan eigenandel. NextGenTel AS tar kostnaden med eigenandelen for desse kundane for å gjere det enklare.
Leveringstid vil normalt vere frå 2 til 6 veker frå bestilling. I vinterhalvåret kan det ta lengre tid dersom du ønskjer inntaket ditt i jord, eller dersom røyra som skal nyttast er frosne.
Det er no starta utbygging av fiber på Fjellsætra for fritidsbustader. I første omgang vert det utbygd fiber i området ved skitrekket og fram til Tudalselva. Dersom interessa er god vil vi vurdere å byggje ut fleire områder etter kvart.
Er du interessert i å få fiber på hytta, ber vi deg bestille dette gjennom Sunnmørsalpane Skiarena, som vi har avtale med.