Fiber

Sykkylven Energi bygg ut og eig fibernettet i Sykkylven. NextGenTel har ansvar for sal og kundekontakt, og å levere eit mangfald av breibandstenester til kundane som er tilknytt fibernettet.

Fiber til privatkundar

Fiber til heimen omfattar Internett, TV og IP-telefon. NextGenTel er valt som tenesteleverandør i Sykkylven.

Eigeninnsats

Her finn du generell informasjon vedkommande framføring av fiber på privat eigedom og inn i bustaden.

Fiber til næringskundar

Sykkylven Energi leverer fiber til næring via tenesteleverandørar som har avtale med oss.

Informasjon om fiber

Spørsmål og svar om fiber

Kan eg få fiber?
Ja, alle kan få fiber i Sykkylven kommune. Ta kontakt med NextGenTel - https://www.nextgentel.no/privat/minside/
Korleis få fiberen inn i eige hus?
Ta kontakt med Arve Opsahl hos oss på mobil 934 97 462 (måndag-torsdag).
Kva kostar det å få fiber?
Det er ikkje lengre eigenandel på privatbustader, berre på fritidsbustader (kr 3000,-) Sjå meir informasjon om eigeninnsats.
Kva betyr eigeninnsats?
Inntak gjennom luft = ingen eigeninnsats. Inntak i bakken = eigeninnsats. Sjå meir informasjon om eigeninnsats, eller ring Arve Opsahl hos oss på mobil 934 97 462 (måndag-torsdag).