Fiber i Velledalen, Ramstaddalen og Tynesstranda
Utbygging av fiber i Velledalen, Ramstaddalen og Tynesstranda vart vedteke i september 2019. Lokale velforeiningar og grendalag står for sal av fiber.
Utbygging av fiber i Velledalen, Ramstaddalen og Tynesstranda vart vedteke i september 2019. Lokale velforeiningar og grendalag står for sal av fibertenester i områda.
Ein reknar med at alle som ønskjer fiber har fått dette i løpet av 2020.
Velledalen er første område som vert utbygd, då dette er ferdig prosjektert. Onsdag 2. oktober vart det arrangert eit informasjonsmøte på grendahuset i Velledalen.
Etter kvart som dei andre to områda vert prosjekterte, planlegg vi eit nytt informasjonsmøte for innbyggarane her.
Vi planlegg i lag med Frivillighetssentralen å tilby grunnleggjande datakurs for nye brukarar av internett.