Energirittet

Sykkylven Energi er sponsor for Sykkylven sykkelklubb, og energiverket har gitt namn til klubben sitt landevegsritt, Sykkylven Energi-rittet, som vert arrangert årleg.

Sykkelrittet startar ved Sykkylven Energi sine lokale i Haugsetvegen og går i ei rundløype gjennom Ramstaddalen, Fasteindalen, Nysætra, Velledalen og tilbake til Aure. Runden vert sykla to gonger og sykkelrittet har ei samla lengde på ca 100 km. Deltakarane er tursyklistar frå heile fylket. For den som ønskjer ein kortare tur, vert det høve til å sykle ein runde, utan tidtaking.

Sykkylven Idrottslag

Sykkylven Energi er ein av sponsorane til Sykkylven Idrottslag.

Vi har i fleire år støtta idrottslaget sine avdelingar for fotball, turn/RG, e-Sport, ski nordisk og symjing.