Årleg i april/mai vert frivillige i Sykkylven kommune invitert til å ta eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal (NB! ikkje hageavfall og greiner).
Dersom du ønskjer å vere med på Rusken ryddeaksjon må du registrere deg! Registreringsskjema nedst på sida inneheld info om kven som er arrangør/kontaktperson, i kva område ryddeaksjonen skal vere og kor mange sekkar de treng.
Utlevering av sekkar vert gjort etter avtale.
NB! Det er viktig at rusken-avfallet er plassert i sekk og langs renovasjonsruta på avtalt hentestad. Årim tek ikkje med avfall som ikkje er i sekkar. Farleg avfall, elektrisk avfall og større gjenstandar som ikkje går i sekk, kan ikkje leggjast ved sidan av, men må leverast på miljøstasjonen. Det vil gå av den einskilde si leveringskvote.
Årim gjer også merksam på at avfall frå Rusken ryddeaksjon ikkje er herrelaust marint avfall, og er dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.