Produksjon av straum

Sykkylven Energi har produsert straum sidan 1918. I dag produserer vi i underkant av halvparten av det totale straumforbruket i kommunen gjennom dei tre kraftstasjonane våre: Riksheim, Riksheimdal og Ramstaddal.

 

Riksheim Kraftstasjon.

Straumproduksjonen i Sykkylven starta på Riksheim i 1918. Det første driftsåret låg produksjonen under 100 kW. I oktober 2014 stod den nye renoverte kraftstasjonen på Riksheim ferdig. Snittproduksjonen for Riksheim Kraftstasjon er no på 23 GWh.

Riksheimdalen Kraftverk.

Riksheimdal Kraftstasjon er det største kraftstasjonsbygget i Norden bygd i lafta tømmer. Kraftstasjonen vart sett i drift i desember 2003. Snittproduksjonen for Riksheimdal Kraftstasjon er på 20 GWh.

Ramstaddal Kraftverk og vassverk.

Ramstaddal Kraftstasjon er den minste av kraftstasjonane våre. Kraftstasjonen vart bygd i 1982, og sett i drift i 1983. Snittproduksjonen for Ramstaddal Kraftstasjon er på 3 GWh. Etter produksjon av straum vert vatnet reinsa og distribuert som drikkevatn til innbyggjarane i områda Ramstaddal, Ørsneset, Aure og Tynes.


Småkraftutbygging 

I Sykkylven er det tre private småkraftverk som leverer kraft til nettet til Straumen Nett; Brunstad Kraft, Drivdal Kraft og Hatlemark Kraft. Dei har ein samla produksjon om lag på 15 GWh. 

Sykkylven Energi er positiv til utbygging av småkraftutbygging, noko som aukar verdiskapinga i kommunen og bidrar til eit større fagmiljø. Vi kan bidra med fagleg kompetanse og råd.