Organisasjon

Sykkylven Energi er 100% eigd av Sykkylven Energi Holding AS og er registrert som eit aksjeselskap.

Styret har 7 medlemmar. Av desse er 5 oppnemnt av generalforsamlinga (kommunestyret) og 2 er arbeidstakarrepresentantar. Administrerande direktør møter på styremøta, men er utan stemmerett.

Sykkylven Energi har eit dotterselskap i Sykkylven Miljøpark AS. I tillegg har Sykkylven Energi aksjar i Jarnes Industripark AS og Straumen Nett har aksjar i Elsikkerhet Møre AS.

Elsikkerhet Møre AS koordinerer aktiviteten med tilsyn av dei elektriske anlegga. Selskapet vart stifta 1. oktober 2002, og har som hovudoppgåve å utføre dei lovpålagde tilsynsoppgåvene for eigarselskapa. Elsikkerhet Møre AS er eigd av Nordvest Nett AS, Sandøy Nett AS, Tindra Nett AS, Straumen Nett AS og Mørenett AS.

Frå 1. januar 2021 vart det krav til selskapsmessig skilje mellom EL-distribusjon (nettverksemda) og anna verksemd. For å tilpasse seg dei lovpålagte krava vart Sykkylven Energi konsernet etablert i 2020. Sykkylven Energi konsernet består av morselskapet Sykkylven Energi Holding AS, og dei to 100 % eigde dotterselskapa Sykkylven Energi AS og Straumen Nett AS. I tillegg inngjekk Sykkylven Miljøpark AS som eit 100 % eigd dotterselskap av Sykkylven Energi AS. Hausten 2020 vart det vedteke å fisjonere nettverksemda frå Sykkylven Energi AS til Straumen Nett AS. Rekneskapsmessig vert omorganiseringa gjeldande frå 1. januar 2021. Frå same dato vart tilsette overført til dei nye selskapa. 

Organisasjonsplan:

Konsernorganisering.svg