Om Sykkylven Energi

Sykkylven Energi vart etablert i samband med bygginga av kraftstasjonen på Riksheim. Straumlevering frå Riksheim tok til 22. januar 1918.

Hausten 1997 vedtok Sykkylven kommunestyre å omorganisere selskapet til eit aksjeselskap. Samstundes vart kraftomsetjinga skilt ut frå det nye selskapet. Sykkylven Energi er 100% eigd av Sykkylven Energi Holding AS og er registrert som eit aksjeselskap. Sykkylven Energi Holding AS er eigd av Sykkylven kommune. Selskapet fører kvart år tilbake betydelege verdiar til eigaren, som igjen fører til utvikling av lokalsamfunnet.

”Gi liv til eit samfunn i utvikling” 

Sykkylven Energi AS skal vere ein grunnmur i eit levande og kraftfullt lokalsamfunn og vi skal opptre som ei drivkraft for ei miljøvennleg samfunnsutvikling. Gjennom rasjonell og effektiv drift samt bygging av infrastruktur med rett kvalitet skal vi tilbakeføre verdiar til eigar og lokalsamfunn. Våre kundar skal oppleve oss som engasjerte, aktive og ansvarlege.