Kokevarsel oppheva 6.10.2022

Dei 2 siste vassprøvene vi har tatt i Vikedalen har vore fine og kokevarselet vert derfor oppheva. 

Vi beklagar dei ulempene dette har medført for våre abonnentar.


KOKEVARSEL 29.9.2022

Det er påvist bakterier i drikkevatnet (3 stk Intestinale Enterokokker per 100 ml) i Vikedalen bustadfelt. Alle abonnentar i Vikedalen vert dermed varsla om å koke vatn til drikke, matlaging og tannpuss inntil vidare.
Det må vere 2 etterfølgjande prøver utan påviste bakteriar før kokevarselet kan opphevast. Høgdebassenget i Vikedalen vert no reingjort og vi vil ta nye vassprøver måndag 3. oktober og tysdag 4. oktober Dersom desse prøvene er fine så kan kokevarselet opphevast torsdag 6. oktober.

Varsling ved vassutkoplingar
I samband med uventa og planlagde vassutkoplingar og i andre høve (unntatt straum) varslar vi kundane på SMS eller talemelding.
Telefonnummeret ditt vert henta frå nasjonale register som Folkeregisteret, tele– og mobiloperatørar og Matrikkelen.

Dersom du ikkje har fått varsel frå oss kan du sjekke oppføringa di her: http://www.servicevarsling.no Her kan du korrigere oppføringa di slik at varsla kjem fram dit dei skal. Dersom du har firmatelefon ber vi deg sjekke spesielt.

Sjå også Folkehelseinstituttet si tilråding om koking av vatn.
https://www.fhi.no/ml/drikkevann/rad/kokevarsel/
Intestinale enterokokker: Enterokokkene er en annen type tarmbakterier, som overlever lenger i vann enn koliforme bakterier. Hvis man påviser intestinale enterokokker i vannet, men ikke E.coli, er det et varsel om at virus fortsatt kan være til stede i vannet, siden virus fra avføring vanligvis overlever lenger i vann enn koliforme bakterier.

Kokevarsel i Vikedalen september 2022.JPG