Er du ein av dei som har internett via dei gamle koparkablane? Dette nettet skal no fasast ut. Det er ikkje kjend for oss når den einskilde kunde vil verte råka, men utfasinga område for område er i gong.
Sykkylven Energi AS gir no eit tilbod, som vi vurderer som svært godt, gjennom våre tenesteleverandørar NextGenTel og Riks TV.
Vi ønskjer på denne måten å spreie jobben med nye kundar som ønskjer å nytte seg av tilbodet vårt utover i tid slik at det ikkje blir for knapp tid til å løfte kundane over på ny plattform(fiber). Det er mange som mister det gamle internettilbodet etter kvart. Ikkje berre i Sykkylven, men over alt. Det kan derfor blir utfordrande å installere alle så fort som ønskeleg dersom alle venter til dei får varsel om at dei mister tilbodet sitt.
Litt om fiberkablar:
Den nye generasjonen kablar(fiber) har nærast uendeleg kapasitet slik vi ser det i dag, og vil gi nok kapasitet lang inn i framtida.
Sykkylven Energi AS har sidan 2011 jobba med å byggje ut fibernettet, og i fjor vart utbygginga ferdig utbygd i heile kommunen. Vi er no i gong med å byggje ut hytteområda på Fjellsætra. Vi er stolte av å kunne tilby fiber for alle innbyggarane i kommunen. Vi har eit godt i samarbeid med NextGenTel.
Vi ønskjer å kunne gi innbyggarane i Sykkylven eit stabilt og raskt internett for framtida som enkelt kan oppgraderast etter kvart som behova endrar seg. Forventningane til hastigheit på internett har auka med 30-50 % i året i mange år, og det er ingen grunn til å tru at krava til auka hastigheit vil minke framover. Vi har derfor allereie begynt å skifte ut utstyr til dei som ønskjer høgste hastigheit på sitt fibernett. Leverandøren av nettenester NextGenTel har planer for utskifting av utstyr for å møte stadig høgare krav til hastigheit og stabilitet. Det vil krevje både meir kapasitet og aukande kvalitet på overføringa når mange skal sjå på kvart sitt tv-program samstundes. Det er store datamengder som skal overførast.
NextGenTel AS har no heilt nyleg inngått ein avtale med RiksTV om å levere TV-tenester. Vi vurderer at RiksTV på fiber vil gi ei svært god kundeoppleving, og ein har også moglegheit til å bruke abonnementet sitt inntil 4 andre stader, t.d. på hytta. Der det ikkje er internett nyttar man antenne. Dette er ei rimelegare løysing enn å ha to abonnement.