Sykkylven kommune / Sykkylven Energi AS Kommunedelplan for vatn, avløp og overvatn - Planprogram på høyring og kunngjering av oppstart
Sykkylven kommune / Sykkylven Energi AS skal utarbeide ein tematisk kommunedelplan for vassforsyning, avløp og overvatn. Asplan Viak er engasjert til å gjennomføre sjølve planarbeidet. Planen skal erstatte tidlegare utarbeidde hovudplanar for vassforsyning og avløp. For overvatn så finns det ikkje eigen plan. Kommunedelplan for vassforsyning, avløp og overvatn (VAO) vil vere eit viktig styringsdokumentet for utbygging og rehabilitering av vass- og avløpsanlegg. Planen skal uttrykke kommunen sine eigne prioriteringar innanfor dette området og medverke til betre samordning mellom kommunal vass- og avløpsverksemd og kommunal arealplanlegging. Planprogrammet vart behandla og godkjent for høyring i Sykkylven kommune, nærings- og utviklingsutvalet (NU) den 11.mars. Følgande vedtak vart gjort i NU sak 11/25: I samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 vedtek nærings- og utviklingsutvalet å legge planprogrammet til Kommunedelplan for vatn, avløp og overvatn til høyring. I same prosess varslast det oppstart av planarbeidet. Varsel om oppstart og høyring av planprogram skal kunngjerast med minst 6 vekers uttalefrist frå kunngjeringsdato. Planprogrammet er første del i planprosessen og eit verktøy for tidleg medverknad og avklaring av viktige omsyn i planarbeidet. Planprogrammet skal angi formålet med planarbeidet, avklare viktige problemstillingar, behov for utgreiingar og skildre korleis ein har tenkt å gjennomføre kommunedelplanen. Gjennom høyring og politisk handsaming av planprogrammet skal alle sikrast moglegheit til å påverke planarbeidet i tidleg fase. Etter høyringa av planprogrammet og bearbeiding av innkomne merknader, vil planprogrammet bli lagt fram for fastsetting gjennom politisk behandling. Planprogrammet er tilgjengeleg på Sykkylven kommune og Sykkylven Energi sine heimesider.
Ein ber om at eventuelle merknader eller innspel til planprogrammet eller planarbeidet vert sendt til Sykkylven Energi AS på e-post firmapost@sykkylven-energi.no, eller per post til Haugsetvegen 33, 6230 Sykkylven, innan onsdag 7. mai 2025.