@ form Sykkylven-Logo

Administrerande direktør har ordet

I 2018 feira selskapet sitt 100-års jubileum. Dette vart markert med jubileumsframsyning på kulturhuset 14. oktober med stor deltaking frå innbyggjarane i kommunen.  Når vi feire 100 år passar det bra at vi samtidig legger fram tidenes beste resultat for selskapet. Det har vore eit år med høge straumprisar som har gitt god avkasting på verdiane som har bygd seg opp gjennom historia. Samstundes er det god utvikling i alle forretningsområda i selskapet, noko som viser at dei tilsette jobbar strukturert og langsiktig med forbetringar i selskapet.

Som samfunnsbyggjar har Sykkylven Energi fortsatt utbygginga av fiber til heimen i 2018. Dette ser vi på som viktig for utviklinga av kommunen. Tilgang til breiband i heimen er i dag blitt like viktig som anna infrastruktur som straum, vatn og avløp. Vi er dermed blitt eit av dei få komplette infrastrukturselskapa i landet. Vi trur at dette aukar marknadsverdiane til bustadane i kommunen og bidreg til at kommunen er ein del av ein attraktiv bustadsregion.

Der skjer store endringar innanfor teknologi og digitalisering, noko som stiller nye krav til kompetanse og arbeidsmetodar. Nye straummålarar automatiserer innsamling av målardata. Dette minkar ressursbehovet både innanfor kundeservice og handteringa av endringar hos abonnentane. I tillegg gir det betre oversikt over forbruket, som igjen gjer at vi kan optimalisere forsyningsnettet og redusere investeringsbehovet.

Forbruksmønsteret for straumforsyninga er i endring. Når det no byggjast ut til lading av elektriske ferjer, så vil dette auke det maksimale effektforbruket i kommunen med 10 %. Satsinga på elektriske bilar bidreg også til auka forbruk til andre tider i døgnet.

Innanfor vassforsyninga jobbast det med å minke vasstapa. Her har ein oppnådd betydelege reduksjonar i 2018, noko som gir lågare energiforbruk og kostnadar til reinsing av vatn.  Dette styrkar også reservekapasiteten. 

For avløp er målsettinga å auke graden av reinsing slik at utsleppa til fjorden reduserast.

I 2018 vart det gjennom endring i Energilova bestemt av alle selskap med nettverksemd blir pålagd å skilje ut nettverksemda i eigne sjølvstendige selskap. Selskapet har i samband med dette vore igjennom ein strategiprosess der ein har konkludert med at selskapet skal organiserast som eit konsern i framtida.

 

Per Arne Edvardsen

Administrerande direktør