@ Sykkylven-Logo

Vassmålar

Her finn du informasjon om vassmålar.

Kva kostar det meg med vassmålar?

Å få installert vassmålar er vanlegvis utan kostnad for deg som kunde, Sykkylven Energi betalar for ein standard installasjon av vassmålar. Det er ingen årleg kostnad for å ha vassmålar (målarleige). Det er eller ikkje minsteforbruk. Når ein har vassmålar betalar ein for faktisk forbruk i staden for stipulert forbruk (arealet på bygget).

Kven skal ha vassmålar? 

Alle nye bygg og bygg over 150 kvadratmeter som er tilknytt kommunalt leidningsnett er pålagt å ha vassmålar. Pålegget gjeld også eigedommar som berre er tilknytt kommunalt avløp. Her nyttar vi vassmengda for å berekne avløpsgebyret. 

Vil det svare seg med vassmålar?

Viss din husstand har eit bevisst forhold til vassforbruket, vil det i dei fleste tilfelle vere økonomisk fordelaktig å få installert vassmålar. Gjennomsnittsforbruk av vatn er 70 kubikkmeter per person per år. 

Hugs at du pliktar deg til å lese av vassmålaren ved nyttår kvart år.