@ Sykkylven-Logo

Vasslekkasje

Mange vil før eller seinare oppdage vasslekkasje på sitt private vassleidningssystem.

I samband med installasjon av vassmålar, bør ein sjekke om ein har vasslekkasjar. I tida etter ein vassmålarinstallasjon bør ein sjekke at forbruk av vatn er normalt i forhold til tal på personar i bustaden.

Vasslekkasje i bustad 
Lekkasje i bustad oppstår oftast i toalett eller vask som drypp. Dette vatnet passerar vassmålar (der det er montert målar) og vil medføre auka vass- og avløpsgebyr. For å undersøke om det er lekkasje i bustaden kan du kontrollere om målarstanden endrar seg når det ikkje er anna forbruk. Kontakt rørleggar for å utbetre lekkasjen.

Vasslekkasje på utvendig leidning
Oppstår lekkasje slik at vann renn på bakken må du kontakte rørleggar-/entreprenørfirma for reparasjon omgåande. Vatnet kan føre til skade på bygning og uteareal. Utvendige leidningar kan ha lekkasje utan at vatnet kjem opp på bakken. Du merkar lekkasjen ved at trykket vert redusert, spesielt dersom fleire kranar vert opna samtidig, eller at det susar i vassrør. Kontakt rørleggar-/entreprenørfirma for reparasjon omgåande.