@ Sykkylven-Logo

Val av kraftleverandør

Er du nettkunde hos oss, må du inngå ein avtale med ein kraftleverandør.

Alle nettkundar kan velje/byte kraftleverandør så lenge ein ikkje er bunden gjennom kontrakt.

Korleis skifte kraftleverandør?
Du finn ein aktuell kraftleverandør og tek kontakt med denne. Oversikt over dei mest aktuelle kraftleverandørane og deira prisar finn du på www.strompris.no. Du inngår avtale og startdato for leveranse med kraftleverandøren, og han vil deretter ordne resten for deg. Det er viktig at du les av målaren for at vi skal kunne gjennomføre leverandørbyte. Netteigar aksepterer avlesingar innanfor 20 til seinast 6 virkedagar før dato for leverandørbyte. Manglande målaravlesing innanfor dette intervallet medfører at leverandørbytet vert avvist. Målaravlesing kan meldast til den nye kraftleverandøren eller til netteigar.

For at den nye kraftleverandøren skal kunne gi melding til oss om leverandørbytet, vil han trenge opplysningar om det aktuelle målepunktet. Desse finn du enklast på ein faktura frå netteigar.

Desse opplysningane er:

  • Målepunkt-ID og eventuelt målarnummer
  • Sluttbrukar sitt namn, fødselsdato/organisasjonsnr., og postadresse
  • Anleggs- og fakturaadresse, dersom desse er ulik postadresse

Liste over aktive kraftleverandørar i Sykkylven finn du her.

 

 

  • Målaravlesing

    Les du av målaren din før kvar fakturering får du ei korrekt avrekning kvar gong.