@ form Sykkylven-Logo

Sykkylven Energi 100 år (1918-2018)

Sykkylven Energi inviterer til gratis jubileumskveld på kulturhuset, sundag 14. oktober 2018

Sykkylven Energi rundar i år 100 år som samfunnsbyggjar og leverandør av samfunnskritiske tenester. Dette markerer vi den 14. oktober med ei gratis jubileumsframsyning. Vi inviterer til kaffi og kaker frå kl. 18:00 på kulturhuset med jubileumsframsyning frå kl. 19:00. 

Jubileumsframsyninga er samansett som ein revy med humoristiske og kulturelle innslag frå grendene i bygda; Hauhelljå, Petter Velle & co., Gamlekarane, Kjell Løseth, Erlend Lunde og kulturskulen. Magnar Kvalvåg er konferansier. 

Det ligg an til å bli ein triveleg kveld!

For å vere med i trekninga av billett, registrer deg på www.sykkylven-energi.no  eller på Facebooksida vår innan 30. september.

Dei som får billett vil verte kontakta om det.

Jubileumskveld 14. oktober 2018

Ver vennleg å fylle ut informasjonen under dersom du ønskjer å vere med i trekninga av 1 eller 2 billettar til vår jubileumskveld sundag 14. oktober 2018. Gratis inngang. Servering av kaffi og kaker frå kl 18:00 Forestillinga med lokale artistar startar kl 19:00.



Kjem de 1 eller 2 personar?
 

Dersom du/de vert trekt ut vil vi kontakte deg