Slik varslar vi deg
Sykkylven Energi nyttar no berre sms/talemelding for å varsle kundar. Dette gjeld både ved uventa og planlagde straum– og vassutkoplingar og i andre høve.
Opplysningar om telefonnummeret ditt vert henta frå Folkeregisteret, tele– og mobiloperatørar og Matrikkelen. Du kan sjekke oppføringa di på internett: http://www.servicevarsling.no
Dersom opplysningane ikkje stemmer får du ikkje varsling. Du må sjølv korrigere desse slik at varsla kjem fram dit dei skal. Dersom du har firmatelefon ber vi deg sjekke spesielt.