@ form Sykkylven-Logo

Slik skjer målarbyte

 

Det er vår samarbeidspartner Bratseth som vil ta kontakt med kundane våre for å avtale tidspunkt for målarbytet. Med utskifting av om lag 4500 målarar, veit vi at det vil bli ein krevjande prosess. Vi håper derfor at flest mulig vil tilpasse seg tidspunktet for målarbyte som Bratseth foreslår. Du vil få ein SMS om tidspunktet. Dersom du likevel må endre tidspunkt, vil du få informasjon frå Bratseth om korleis du gjer dette.  Har du behov for å kontakte Bratseth i samband med målarbytet kan du ringe dei på telefonnummer 41680800. 

Kundar som ikkje møter til avtale, vert belasta dei faktiske kostnadane for ei seinare montering, inntil 2100 kroner.

Be om legitimasjon
Når tidspunktet for målarbyte er avtalt og stadfesta, skal montøren kome til avtalt tid. Dersom sikringsskåpet er på utsida av huset eller i fellesområde, treng du ikkje å vere til stades når målaren vert byta. Dersom montøren må inn i huset for å byte målar, må det vere ein voksen person (over 18 år) til stades for at montøren skal kunne gå inn. Montøren skal vise gyldig ID-kort for å skifte målaren.

Målarbytet tek om lag 20 minutt og straumen vil vere vekk når bytet skjer. I nokre tilfelle må ein gjere tilpassingar i sikringsskapet. For å sikre kommunikasjon til sentralen, kan det blir sett opp ei antenne ved sida av sikringsskåpet. 

Rydd veg for montøren
Vi oppmodar alle kundane våre om å sjekke at det er lett tilkomst til sikringsskåpet før montøren kjem. Dette for å sikre eit mest mogleg effektivt målarbyte. Ver merksam på at montøren ikkje skal ha betaling for å byte målaren. Kostnaden for ny målar vert lagt inn i nettleiga og fordelt over fleire år.

Alle får nye målarar
Alle straummålarane skal skiftes ut. Det gjeld og straummålarar som er montert i hus der det bur personar som er el-kjenslege og som har fått fritak frå installasjon av dei nye automatiske straummålarane. I straummålarane som vert montert i desse husa vil kommunikasjonseininga vere deaktivert. Dette betyr at målaren ikkje automatisk vil overføre data om målarstand til nettselskapet. Desse målarane vil derfor fungere som dagens målarar, noko som krev at kunden framleis må lese av målarstanden og melde denne inn til nettselskapet.

Sjå meir om dei nye målararne her!