@ form Sykkylven-Logo

Slik fungerer målaren

For å kunne fakturere deg eit detaljert og korrekt forbruk vil Sykkylven Energi hente inn forbruket automatisk. Alle data vil vere kryptert og sikra mot uvedkomande. Nettselskapet kan berre sjå totalforbruket time for time og ev alarmar for feil (jordfeil, lav eller inga spenning). Vi ser ikkje om du er heime, kva apparat som er på, om du har besøk, dusjar eller lagar mat. Nettselskapet overvaker nettet for å unngå feil, ikkje kundane.

Nøyaktige straumrekningar
Du som kunde slepp no å lese av målaren og levere avlesinga til oss. Sykkylven Energi les av dei nye målarane automatisk. Målarane er grundig kontrollerte både ved fabrikken der dei er produserte og av oss. Merk at dei målarane som tidlegare har vore lest av feil, eller der forbruket har vore stipulert fordi vi ikkje har fått avlesing, vil i samband med målarbyte verte korrigerte for feil og deretter fakturert det faktiske forbruket.