Prosjekt

NY HOVUDPLAN AVLØP

Sykkylven Energi AS og Sykkylven kommune har i fellesskap sett igang arbeid med ny hovudplan for avløp. Denne planen vil innehalde konkrete mål og tiltak for avløpssektoren dei komande åra. Planen vil omhandle både kommunale avløpsanlegg og private anlegg.

Ei av dei større utfordringane vert å få avklart framtidige avløpsløysingar for Nysæterområdet. Aktuelle problemstillingar vil vere om det skal byggast felles kommunale avløpsanlegg, om utsleppet skal gå til Nysætervatnet med høggradig reinsing eller om det skal førast ned til Fausa og Storfjorden med silanlegg som reinsetiltak.

Asplan Viak i Molde er engasjert som konsulent og planarbeidet vil bli leia av ei styringsgruppe med representantar frå Sykkylven kommune og Sykkylven Energi.