@ form Sykkylven-Logo

Kraftstasjonane i Sykkylven

Naturbilde med elv

I dag produserer vi i underkant av halvparten av det totale forbruket av elektrisk energi i kommunen gjennom dei tre kraftstasjonane våre: Ramstaddal, Riksheim og Riksheimdal.

 

Ramstaddal Kraftstasjon
Ramstaddal Kraftstasjon er den minste av kraftstasjonane våre. Kraftstasjonen vart bygd i 1982, og sett i drift i 1983.
Snittproduksjonen for Ramstaddal Kraftstasjon er på 3 GWh.

Etter straumproduksjonen blir vatnet reinsa og distribuert som drikkevatn til innbyggjarane i områda Ramstaddal, Ørsneset, Aure og Tynes.

 

Riksheim Kraftstasjon
Straumeventyret i Sykkylven starta på Riksheim for snart 100 år sidan. Det første driftsåret låg produksjonen under 100 kW. I oktober 2014 stod den nye kraftstasjonen på Riksheim ferdig. Snittproduksjonen for Riksheim Kraftstasjon er på 26 GWH.

 

Riksheimdal KraftstasjonKraftstasjonen i Riksheimdal

Riksheimdal Kraftstasjon er det største kraftstasjonsbygget i Norden bygd i lafta tømmer. Kraftstasjonen vart sett i drift i desember 2003.
Snittproduksjonen for Riksheimdal Kraftstasjon er på 20 GWh.