Produksjon

Kraftstasjonane i Sykkylven

I dag produserer vi i underkant av halvparten av det totale forbruket av elektrisk energi i kommunen gjennom dei tre kraftstasjonane våre; Ramstaddal, Riksheim og Riksheimdal. Sidan vi produserer mindre kraft i høve til kor mykje vi brukar (ca. 70 GWh for lite), må vi importere resten. Det bør vere eit overordna mål for alle å minske denne underbalansen, slik at vi i størst mogleg grad er sjølvforsynte.

Det betyr fleire utbyggingar av lokale småkraftverk i kommunen. Slike småkraftverk er særs positive for eit lokalsamfunn, og i dag er mange prosjekt for mini- og mikrokraftverk under vurdering. Felles for desse er at det er grunneigarane som har hand om fallrettane, og som vurderer ulike alternativ til korleis rettane eventuelt kan utnyttast.

Sykkylven Energi ønskjer at verdiane som småkrafta representerer blir verande lokalt. Gjennom 90 års erfaring, ein velkvalifisert stab, kapital og gode kontaktar er vi ein naturleg samarbeidspartner for nye småkraftprosjekt. Om du går med planar, ta turen innom oss for ein hyggeleg og spennande prat!