Om oss

Over 90 år som samfunnsbyggjar - vi gir liv til eit samfunn i utvikling

Sykkylven Energi AS vart etablert i samband med bygginga av kraftstasjonen på Riksheim. Straumleveringa frå eige verk tok til den 22. januar 1918, og selskapet fylte såleis 90 år i 2008.

Hausten 1997 vedtok Sykkylven kommunestyre å omorganisere selskapet til eit aksjeselskap. Samstundes vart kraftomsetjinga skilt ut frå det nye selskapet.

Sykkylven Energi AS er 100 % eigd av Sykkylven kommune. Selskapet fører kvart år tilbake betydelege verdiar til eigaren, som igjen føren til utvikling av lokalsamfunnet. Dei tre siste rekneskapsåra har vi betalt over 16 millionar kroner i utbytte og renter på ansvarleg lån.


Innovativ og framtidsretta - alltid fokus på nye satsningsområde


Vi ser på oss sjølve som ei innovativ verksemd, alltid med blikket retta framover. Spesielt innanfor klimatiltak og energisparing vil det bli investert mykje tid og ressursar.

Verksemda skal aktivt arbeide - og leggje til rette – for energiøkonomisering (ENØK), og vere ein aktiv pådrivar for å få fram miljøvenlege energiløysingar. Døme på slike er varmepumpe.

Også utbygging av fibernett er eit naturleg, framtidig satsingsområde for oss. Teletenester skal brukast som eit verkemiddel for å gi meirverdi til verksemder knytta til drift av infrastrukturtenester. Vi skal gjennom samarbeid med andre selskap sikre oss avtalar som gir konkurransekraft i telemarknaden.

Sykkylven Energi AS er organisert i to avdelingar; ei driftsavdeling og ei kundeavdeling. Driftsavdelinga har ansvar for utbygging og drift av kraftstasjonar, elnett, leidningar for vatn og avløp, fiberoptiske kablar og veglys. Driftsavdelinga har og ansvaret for renovasjonen i Sykkylven. Kundeavdelinga har ansvar for fakturering og kundebehandling, og leiger ut tenester innan området kraftomsetjing til Nordvest Kraft AS. Sykkylven Energi har ansvaret for Nordvest Kraft sine kundar i Sykkylven og eksterne kundar.


Kundeavdelinga - sterk fokus på service og informasjon
Vår kundeavdeling består av 6 serviceinnstilte og positive medarbeidarar med informasjon og rettleiing som prioriterte oppgåver. Mykje av kundekontakten skjer via telefon og e-post.

Hovudoppgåvene består elles av oppfølgjing og rettleiing, målararbeid både for vatn og EL og fakturering/ innkreving. Avdelinga har i tillegg oppfølgingsansvaret for alle Nordvestkraft sine kraftkundar lokalisert i Sykkylven, samt kundar utanfor leveringsområdet til eigarselskapa.


Driftsavdelinga
Driftsavdelinga ved Sykkylven Energi AS har ansvar for å bygge og drive anlegg innanfor alle våre forretningsområder; kraftproduksjon, distribusjonsnettet, vassforsyning, avløpsanlegg, renovasjon i tillegg til diverse serviceretta aktivitet.

I avdelinga arbeider det 16 personar med lang erfaring og god kunnskap, noko som gjer dei godt rusta til å planlegge, gjennomføre utbygging og ta hand om den daglege drifta av alle typar anlegg.

Ei vaktordning som dekkjer alle fagområda er aktiv heile døgnet året gjennom for å sikre alle kundane sikker og god levering av alle tenestene.