@ form Sykkylven-Logo

Nye straummålarar i Sykkylven

Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Norge få installert nye automatiske straummålarar. I Sykkylven skal om lag 4500 straummålarar bytast ut i perioden mai til oktober. Dette er den største moderniseringa av straumnettet på over 100 år, med fordelar både for deg som kunde, kraftsystemet og klimaet.

Med den nye straummålaren:  

  • Slepp du å lese av målaren, og du får betre oversikt over forbruket ditt
  • Straumbrot vert varsla automatisk til Sykkylven Energi, noko som kan gi kortare rettetid
  • Du kan tinge tilleggstenester frå andre leverandører, for eksempel styring av straumforbruk
  • Vassmålaravlesing vert automatisert frå 2019

Her kan du lese meir om samarbeidet vårt med Smart Straum Nordvest og finne svar på dei fleste spørsmål om dei nye målarane.

Energi Norge si informasjonsside om dei nye målarane.