Nett
Stor kapasitet på straumnettet - ei investering i sikre leveransarSykkylven har ei rekkje hjørnesteinsbedrifter som er avhengige av stabile straumleveransar. Denne elektrisiteten må transporterast ut til kundane gjennom linjer og kablar, gjennom høgspentnett og lavspentnett og gjennom sjøkablar og transformatorar.
Vi har heile tida gjort tunge investeringar for å kome behovet frå kundane våre i møte.
I dag har vi eit svært godt utbygd nett med ringforsyning. Det betyr at vi ved straumbrudd kan levere straum frå alternativ forsyningveg. Dette, saman med høg beredskap og en ærekjær stab, sørgjer for å sikre høg leveringskvalitet til omlag 5000 nettkundar.
Dei fleste av linjene våre ligg i bakken, og vi set alltid miljøomsynet svært høgt ved reparasjonar, utbyggingar og vedlikehald.
- Vi arbeider med å få alle transformatorar vekk frå mastene og inn i trafokioskar nede på bakkenivå.
Vi har
- 78 km høgspent luftlinje
- 79 km høgspent jord- og sjøkabel
- 221 transformatorar, totalt 65000 kVA installert effekt
- 1574 veglys, som vi har vedlikehald på for Sykkylven kommune
- vedlikehald for Statens Vegvesen, dette gjeld veglys på riksvegane (ikkje i Straumgjerde)
- vedlikehald av ein del private veglys


Skriv ut denne sida