@ Sykkylven-Logo

Leveringsplikt

Sykkylven Energi pliktar å levere kraft til nettkundar som står utan avtale med ordinær kraftleverandør, dette kallast leveringsplikt

Kraft på leveringsplikt dei første 6 vekene vert avrekna etter spotprisen for vårt område tillagt 6,25 øre (inkl. mva) pr. kWh. Etter 6 veker auker tillegget til spotprisen til 10 øre (inkl. mva) pr. kWh + kr 150,- pr år. Prisen er i samsvar med eiga forskrift. Vi oppmodar deg derfor snarast å skaffe deg ein kraftleverandør.

Står du utan avtale med ein kraftleverandør pliktar vi å sende påminningar om at du bør inngå ein avtale med ein kraftleverandør. Desse påminningane skjer ved informasjon på fakturaene til kundar som har kraft levert på leveringsplikt, og utsending av NVE sitt standardskriv til kundar med leveringsplikt.

Her finn du meir om val av kraftleverandør.

Oversikt over dei mest aktuelle kraftleverandørane og deira prisar finn du på www.strompris.no.